Antall registrerte artister

50

Antall registrerte arrangører

19

Beinkjør

Skrevet av Agaslaus tir 23/04/2019 - 21:49
Stil
Pønkrock
Fylke
Hordaland
Fortrukket kontaktform
knutlysne@gmail.com
Bilde
Beinkjør
Biografi

Beinkjør vart starta i Lærdal, Sogn og Fjordane i 2000 av «Ronny Overtredelse» på vokal og «Børre Brudd» på gitar. Med seg hadde dei «Motorhåve» på trommer og «Inge N.» på bass. Seinare tok «Ronny Overtredelse» over bassen.

Bandet spelte inn tre plater på CD-R, delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pelsslaktarhus i perioden 2000 til 2002.

Sumaren 2002 flytta dei til Bergen for å prøve lukka i det harde punkmiljøet og rekrutterte ny trommeslagar, «Ottar Oppvigler» og bassisten «Frank Forelegg». Kort tid etter skulle bassen bli passert imellom «Kåre Kriminell», «Værste Duden», «Ragg», «Stash Bastard», «Bowitz», «Dennis Dealer», «Kåre Kriminell» atter ei gong og så til rytmegitaristen i Beinkjør.

Bandet spelte ei rekke konsertar rundtom i landet imellom 2002 til 2006. Det var ikkje før 2007 dei kom til å spele på festivalen Støy i Sogndal i januar og på festivalen Fres i Fresvik i august som ein tydeleg reaksjon på sjakktrekket bandet gjorde med å fri til sognepublikummet på låten «Såggning» som kom i omløp rundt sumaren 2006.

Plata Rock For Rus kom ut i 2008 med besetninga Overtredelse, Brudd, Oppvigler og Dealer. Blant «Såggning» og «Framtid i Lærdal» inneheldt plata tyske gloser, direkte engelske oversettingar, snodige punklåtar og ein coverlåt av E68, der teksten var skrive av den dåverande politimannen Kristen Olav Grøttebø.

I 2010 gjekk bandet i studio med ny leadgitarist og spelte inn ein slags temaplate om folket og livet i Lærdal og Indre Sogn. 15. november kom albumet Skot & Skrømt.

Video
Godkjent